West Side Story og Porgy and Bess for to klaver

Arrangementsinformasjon

Medvirkende

Jorunn Marie Bratlie og Ivar Anton Waagaard (klaver)

Omtale

Jorunn Marie Bratlie og Ivar Anton Waagaard er kolleger ved Musikkhøgskolen og har musisert saman i over 10 år. I kveld slår dei til med eit program som heilt og fullt er via amerikansk musikk for to klaver.

Høyr John Musto sitt fengande arrangement over Leonard Bernsteins Symfoniske dansar frå West Side Story. Eit vitalt, spenstig og rytmisk verk som sjeldan blir spelt.

Kveldens andre hovudverk er Percy Graingers fantasi over George Gershwins opera Porgy and Bess. Dei velkjende melodiane frå operaen blir løfta fram i ei velklingande fargerik musikalsk drakt kombinert med stor pianistisk virtuositet.

Mer info: https://nmh.no/arrangementer/west-side-story-og-porgy-and-bess-for-to-klaver