Musikkhøgskolens storband med Erlend Skomsvoll

Arrangementsinformasjon
Default file 1503950848

Musikkhøgskolens storband
Erlend Skomsvoll (dirigent)

Storbandet ved Musikkhøgskolen blomstrar som aldri før og oppi blomsterkassen på haustens første prosjekt har vi fått ein av dei flottaste og villaste blomane i norsk fauna, pianist, komponist og orkesterleiar Erlend Skomsvoll. På denne konserten vil dei presentera store delar av albumet "What If? A Counterfactual Fairytale" som Erlend Skomsvoll og Trondheim Jazzorkester gav ut i 2009.

Dette går føre seg på sjølvaste fredag den trettande i Lindemansalen og dagen etter gjestar prosjektet Romerike storbandfestival på Lillestrøm.

Sjå også romerike-storbandfestival.no.