Musikkhøgskolens symfoniorkester

Arrangementsinformasjon
Default file 1504041585

Medvirkende

Musikkhøgskolens symfoniorkester
Johannes Gustavsson (dirigent)

Program

Richard Wagner (1813-1883): Forspel til Parsifal
Béla Bartók (1881-1945): Bratsjkonsert i ny utgåve av Lars Anders Tomter
Johannes Brahms (1833-1897): Symfoni nr 4

Omtale

Lars Anders Tomter har brukt nokre år på å lage ein ny versjon av Bratsjkonserten til Béla Bartók. Bartók etterlot seg kun skisser, og dei versjonane som har vore brukt har Tomter ikkje funne tilfredsstillande sjølv om han har spelt dei fleire gonger.

Tomter sin versjon er delvis bygd på kombinasjonar av det andre har gjort før, delvis er den heilt ulik det som til no har vore tilgjengeleg. Han har då gått tilbake til Bartóks skisser og tenkt nytt, kva angår instrumentasjon samt mange andre detaljar der han har bevega seg i feltet pietet/kreativitet. Han har gjort to store grep: Flytta ein heil seksjon frå ein sats til ein annan, samt tatt i bruk ei skisse ingen andre har brukt. Denne har han utvida i fire sekvensar.

«Dette er ingen liten ting i en verden som får flere og flere fremragende solister på bratsj, og hvis fremste konserterende verk fremdeles må sies å være en sleeping beauty», seier Lars Anders Tomter.

Mer info: https://nmh.no/arrangementer/musikkhogskolens-symfoniorkester-3