Folkesong og tonalitet, tradisjonell og nyskriven musikk

Arrangementsinformasjon

Tradisjonelle folketonar og nyskriven musikk inspirert av folkemusikk.

Medvirkende

Malin Victoria Alander, Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Guro Utne Salvesen (vokal) og medstudentar. 

Omtale

Konserten er del av folkesongforumet, med tema tonalitet, gehør og stemmebruk. På programmet står tradisjonelle folketonar, ulike arrangement og nyskriven musikk inspirert av folkemusikken.

Konserten er ein del av Folkesongforum. Konserten er open for alle, men det er påmelding til Folkesongforum.

Folkesongforum 20.-22. oktober 2017 er eit samarbeid mellom Senter for fremragende utdanning i musikkutøving (CEMPE) og Musikkhøgskolen. Forumet er ein praktisk orientert møtestad for folkesongarar og andre som er interesserte i temaene stemmebruk, gehør og tonalitet, slik at vi kan bygge kunnskap og eit felles språk kring dei utifrå folkesongen. Der blir foredrag og fellesundervisning kvar dag der alle er aktive. Foredraga vil først ha fokus på å gi oss eit felles språk om dei ulike temaene, så å presentere ulike teoriar som kan leie vidare til diskusjonar om ulike innfallsvinklar til eigenøving, bevisstgjering/ny kunnskap og undervisning.