Haldeplass

Arrangementsinformasjon
Default file 1504080202

Stoppestader:

«Orfevs» – Elisabeth Holmertz

«Etudes to become Deer» – Jennifer Torrence og Neo Hülcker

«Das Kapitalistische Ausland» – Bjørn Erik Haugen

                                                                                                                                 

Halde|plass m1  (av halde); stoppestad for rutegåande og anna kommersiell  persontransport, til dømes jernbane, buss, drosje, trikk eller liknande.  Haldeplassar er gjerne ikkje betent, men kan vere utstyrte med eit  venterom, leskur eller liknande.

Kva får du med deg på stoppestadene?

Orfevs trur at sangen og kjærleiken hans kan overvinne alt. Han trur at han kan vinne over Dauden.
Med Andreas Stensland Løwe (synth/elektronikk) leitar Elisabeth Holmertz  etter stemmer og lyd til Orfevs, til Evridike, til Kjærleiken og til  Evigheita.

Etudes to Become Deer (2017) er ei  multimediaframføring som følger omdanninga av to menneskelege musikarar  til hjort. Det er skapt og blir framført av Neo Hülcker og Jennifer  Torrence. Neo Hülcker er ein komponistutøvar som arbeider med musikk som  antropologisk forsking i kvardagsmiljø. Komposisjonane utviklar seg som  situasjonar, performance-installasjonar, handlingar og intervensjonar,  og hen arbeider i ulike typer offentlege rom.

Das Kapitalistische Ausland: I det tidlegare  Aust-Tyskland (DDR) var 10 % av innbyggarane informantar for  etterretningstenesta og det politiske politiet Stasi. Mange arbeidde i  Stasi-politiet, og mange var under overvåkning. Resultatet blei ein  kollektiv og total paranoia hos både dei som satt på makta og for dei  fleste innbyggarane i DDR.

Overvåkinga resulterte i eit enormt Stasiarkiv, med ei gigantisk  mengd dokument og rapportar om liva til folk i DDR under den kalde  krigen, sett gjennom det ideologiske filteret til Stasi. Materialet til  Das Kapitalistische Ausland er henta frå dette arkivet, og i Haugens  stykke er det tre songarar som framfører tekstar frå dokument i  Stasiarkivet.

Om utøvarane

Holmertz, Torrence og Haugen: Elisabeth Holmertz, Jennifer Torrence  og Bjørn Erik Haugen er alle kunststipendiatar ved Norges  musikkhøgskole.

Du kan lese meir om dei og deira prosjekt på nmh.no/forskning/prosjekter.

Haldeplass er støtta av Program for kunstnerisk utviklingsarbeid, Norges musikkhøgskole, Fritt Ord og Kulturrådet.

https://nmh.no/arrangementer/haldeplass

Restriksjoner

Begrenset plass! Publikum står selv ansvarlig for å rekke felles transport som går kl. 18:00 fra Norges musikkhøgskole, Slemdalsveien 11. Oppmøte 17:45.

Ansvarsfraskrivelse

Billetten refunderes ikke.